Natta mellom 25. og 26. september var lang. For somme var ho lengre enn for andre. Og denne lange natta kom som endepunktet for ein av dei mest langvarige politiske debattane vi har hatt i vårt land i nyare tid. Gjennom over ti år hadde EF lege og rulla i norsk politisk liv som ei farleg kruttønne, med dramatiske deleksplosjonar som kvar gong forandra det politiske landskapet. Eksplosjonen etter midnatt den lange natta i september 1972 felte ei regjering, og reporteren har late seg freiste av det som hende. Hovudpersonen i boka er Trygve Bratteli, taparen, som vel møtte meir varme og sympati enn politiske taparar plar få. Sørebø følgde han og kona Randi i helane heile natta, og gjev ein dramatisk nærreportasje frå avgjerande timar i livet til ein norsk statsmann. Rikt illustrert. Herbjørn Sørebø (1933–2003) var ein norsk politisk journalist, kåsør og kommentator. Han var mellom anna sjef for Dagsrevyen, spaltist i Dag og Tid og fast kåsør i Søndagsrevyen.
Forfatter: Herbjørn Sørebø
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-0145-3
Format: Heftet
Utgivelsesår: 1972
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 83
Tilstand: Pent brukt