Kari jobbar i nattradioen på Tyholttårnet i Trondheim. Roar er lærarvikar i den same byen. Roar prøver å få retning på livet sitt, han vil ha framdrift i tankane sine. I Nattradioen følgjer vi Kari og Roar, i kvart sitt kapittel. Før eller seinare skal dei møte kvarandre, men vi veit ikkje korleis det skal skje, og vi veit heller ikkje kva det møtet vil kome til å bety for dei. I denne finstemte, lågmælte og humoristiske romanen leikar forfattaren seg med alle dei små og store tinga som pregar kvardagen for «unge voksne»: julefeiring, skiturar, togreiser og fredagspils, og dessutan rommar denne romanen ein stor diskusjon om moderne kjenneteikn på det: om man skal vere for eller mot DDE, for eller mot vestlandsrevyar, Drillo og Rosenborg. Slik handlar det også om å seie tysdag i staden for tirsdag, om å grine på jobb. Og om å høyre på nattradio. Kjetil Brottveit er fødd i 1969, og er debutant. Kjetil Augundson Brottveit (1969–) er ein norsk forfattar og journalist med bakgrunn frå Dag og Tid og Forskerforum. Nattradioen er debutromanen hans.
Forfatter: Kjetil A. Brottveit
Forlag: Oktober
ISBN: 82-495-0129-2
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2003
Opplag: 1
Språk: Norsk bokmål
Sideantall: 335
Tilstand: Stempel fra forlaget over snittet, pent brukt