Sigvart Tøsse: Kunnskap til makt - Politisk opplysningsarbeid i norsk arbeidarrørsle frå 1880-åra til 1940

PrisNOK150,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Arbeidarrørsla som oppstod frå 1880-åra organiserte si eiga skolering og avløyste den tidlegare avhengige og filantropisk prega arbeidaropplysninga. Dette opplysningsarbeidet tente fleire formål. Ei sentral førestelling var at kunnskap skulle tene til å frigjere arbeidarane frå åndeleg undertrykking og formynderi. Opplysningsstrevet var dessutan forsøket på å konstruere ein sosialistisk ideologi, etablere klassefellesskap og byggje opp ein arbeidarkultur med front mot borgerleg kultur. Opplysningsarbeidet tok derfor form av motkultur. Men arbeidarrørsla prøvde også frå starten av å gi arbeidarklassen noe av den etablerte borgerlege kultur og danning. Opplysningsarbeidet formidla borgerskapets kultur og tente slik til å tilpasse og integrere arbeidarane inn i samfunnet. Dette spenningsforholdet mellom motkultur og kultivering, frigjering og tilpassing, er eit tema som går igjen i denne historia om norsk arbeidaropplysning. Først og fremst hadde opplysningsarbeidet til formål å styrke organisasjonen og gi rørsla makt i samfunnet. Kunnskap var ein reiskap i klassekampen og skulle byggje opp eit mothegemoni. Både den ideologiske, den allmenn og den praktisk-tekniske skoleringa var underordna dette politiske formålet. Denne formålsrasjonaliteten prega innhaldet, formene og metodane og utviska skiljet mellom propaganda og opplysning. Rapporten fokuserer derfor på den politiske utdanninga og skoleringa i arbeiderrørsla og analyserer denne i lys av historiske samanhengar og utviklingstrekk fram til 1940. Eit sentralt kapittel tar for seg opplysningsarbeidet under AOF i 1930-åra. Sigvart Tøsse (1943-) er dr.philos. og forsker emeritus ved Institutt for pedagogikk og livslang læring, NTNU. Han har tidligere vært ansatt ved, og i en periode vært leder for, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskap ved NTNU.

Forfatter: Sigvart Tøsse, Vigdis Haugerud (forord)
Forlag: Norsk Vaksenpedagogisk Forskningsinstitutt
ISBN: 82-7262-125-8
Format: Heftet
Utgivelsesår: 1998
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 232
Tilstand: Pent brukt

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.