Samtid II er framhald av memoarboka Samtid som kom ut i 1973, og den tek til 9. april 1940. I boka fortel Olav Dalgard om liv og tilhøve under første okkupasjonsåra, og om opphaldet på Grini og Kvænangfjellet, og i Sachsenhausen konsentrasjonsleir i 1942–45. Den handlar og om etterkrigsproblem av psykisk, sosial og kunstnarleg art som forfattaren har vore opptatt av. Det gjeld i første rekke arbeidet ved Det Norske Teatret og vanskane som norsk filmproduksjon stridde med i etterkrigsåra. Eit kapittel er vigd «Folketeateret som kom og gjekk», og årsakene til at dette teatret så snøgt gjekk i stå. Elles fortel forfattaren om sitt arbeid med «folkekunst, og kunst for folket», om sitt liv mellom bøker og om bokkritikk, om reiser i Sovjet, Tyskland og Hellas, og om det politiske klima etter krigen, særleg slik dette har gitt seg uttrykk hos den unge revolusjonære ættleden. Til slutt gjer Olav Dalgard greie for si humanetiske «tru», og for si tru på det kommande «sosiale menneske». Illustrert med foto. Har register. Olav Dalgard (1898–1980) var ein norsk filmregissør, nynorskforkjempar og litteraturhistorikar. Dalgard arbeidde som litteraturkritikar i Dagbladet og Arbeiderbladet. Frå 1931 var han dramaturg og instruktør ved Det Norske Teatret. Han studerte film i Sovjetunionen og produserte i 1930-åra fleire filmar med sosialistisk bodskap. Dalgard var òg aktiv i kulturarbeidet til Arbeidarpartiet. I 1961 blei han statsstipendiat. For arbeidet sitt fekk han i 1978 Norsk kulturråds ærespris.
Forfatter: Olav Dalgard
Forlag: Tiden Norsk Forlag
ISBN: 82-10-01473-0
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 1978
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 241
Tilstand: Mindre rifter i omslagets forside, ellers pent brukt