Når ein skal finne ut noko om ei landsomfattande rørsle, kan det ofte vere fruktbart å dukke ned i eit avgrensa lokalområde. Og Telemark kan i denne samanhengen høve godt for eit slikt nærstudium. Tida då Jaabæk og bondevenene var på si høgd, var som ein smeltedigel av gammalt og nytt, ei forvirrande blanding av opprør og uro, ei frigjering frå gamle band og stengsler, men samstundes ei lengting attende til gamle dagar. Det er mot denne bakgrunnen Jostein Nerbøvik har granska bygdepolitikarane i Telemark for dryge hundre år attende. For alle var det ein kamp om politisk makt i lokalsamfunnet – med storsamfunnet som endeleg mål. Men det var dei som organiserte seg, som makta å føre eit politisk syn tvers gjennom det politiske systemet. Og her hadde bondevenene ein styrke. Jostein Kjell Nerbøvik (1938-2004) var ein norsk historikar.
Forfatter: Jostein Nerbøvik
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-0938-1
Format: Heftet
Utgivelsesår: 1979
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 156
Tilstand: Meget pen