Heilt opp til andre verdskrigen var tenestejente eit vanleg yrke i Noreg. Denne boka undersøkjer kven desse jentene var og kva kår dei levde under, bde på landsbygda og i byen. Tenesteyrket er gammalt i Noreg og fekk tidleg overvekt av kvinner. Mens menn hadde andre tilbod om løna arbeid, særleg under industrialiseringa, vart teneste meir og meir ein typsik kvinnegeskjeft. Inn på 1900-talet vart teneste mest eit reint kvinneyrke og i større grad enn før berre knytt til husarbeid. Etter kvart vart det lite attraktivt, og rundt andre verdskrigen forsvinn tenestejentene heilt. Boka tek for seg heile tidsspennet, men legg størst vekt på siste del av perioden. Vi møter tenestejenter i byen og på landet: som gjetarjente og «taus», som amme, «tyende» og hushjelp. Gjennom eit rikt biletmateriale og nære skildringar får vi eit rikt og samansett bilete av denne delen av historia vår.
Forfatter: Sølvi Sogner, Kari Telste
Forlag: Det Norske Samlaget
ISBN: 82-521-6558-3
Format: Innbundet med smussomslag
Utgivelsesår: 2005
Opplag: 1
Språk: Nynorsk
Sideantall: 192
Tilstand: Navnetrekk, noen markeringer, fra Knut Kjeldstadlis boksamling